Komande arrangement

KONSERT: Real Ones
nov.
7.
til 8. nov.

KONSERT: Real Ones

Samvirket opna kl. 20.00
KONSERTSTART KL. 21.00.

Endeleg kjem Real Ones tilbake til Dale! Laurdag 7. november vert det konsert på Samvirket.

Folkrocklegendane Real Ones gav hausten 2025 ut sitt 14. album (!) etterfølgt av ein Noregsturné med 20 konsertar. I 2026 held turneen fram til nye stader i landet, mellom anna Dale.

Real Ones består av fem barndomsvener frå Bergen. Dei er kjende som eit fantastisk liveband og som eit av Noregs mest originale band med si blanding av alternativ rock og folkemusikk med inspirasjon frå heile verda. Dei har halde på i 32 år, sidan dei var 14 år gamle. Resultatet så langt er 14 album, 4 EP-ar, 2 Spellemannprisar, og over 1000 konsertar i 15 land på 3 kontinent. Overalt der dei spelar, etterlèt dei seg dedikerte og smilande fans: Frå Svalbard til Yukon til Shanghai til Calcutta til Havanna til New York – og no igjen, Dale!

Real Ones er: David Chelsom Vogt – fiolin, vokal, keyboards, Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, dulcimer, Jørgen Sandvik – gitar, vokal, charango, Øystein Skjælaaen – bass, koring, Kåre Opheim – trommer, perkusjon, koring.

«Real Ones har lenge vært Norges i
særklasse beste liveband. Kanskje er de
Norges beste band, punktum.»
– Sven Ove Bakke, Dagbladet

Vis arrangement →
TEATER FOR BORN: Jakob og Neikob og Tidsmaskinen
nov.
28.

TEATER FOR BORN: Jakob og Neikob og Tidsmaskinen

Vi gler oss til jul og inviterer til familieforestilling og figurteateret Jakob og Neikob og tidsmaskinen!

Jakob og Neikob legg seg til å sove etter ein lang dag. Da dei vaknar oppdagar dei at dei har sove i ti år. Korleis kan det ha skjedd? Kanskje Tjuven har stole tida. Redninga er ein tidsmaskin. 


PreForm og Fjaler kommune inviterer små og store til framsyning av eit heilt nytt figurteater i regi av Adele Lærum Duus. Stykket bygger på boka “Jakob og Neikob og tidsmaskinen” skrive av Kari Stai.  

BILLETT-info kjem

Vis arrangement →

Inspirasjonskveld Sparebank1
okt.
28.

Inspirasjonskveld Sparebank1

Stå støtt når livet skjer

- ein inspirasjonskveld om sparing og smarte val

Sparebank1 Sogn og Fjordane inviterer til inspirasjonsforedrag med Øystein Pølsa Pettersen og Forbrukarøkonomen Torbjørn Olset. Inspirasjonskvelden handlar om korleis byggje framtida steg for steg, og korleis vi kan stå støtt økonomisk når livet skjer.​ Med ulike erfaringar, men same bodskap, viser Torbjørn og Øystein korleis kvardagsval og livsval blir fletta saman til ei heilskapleg oppleving.​ 

Arrangementet passar for både unge og vaksne i ulike livsfasar, enten du drøymer om eigen bustad eller ønskjer å vere ein god støttespelar for noko som er på veg inn i vaksenlivet. Her vil du få konkrete råd, nyttige tips og inspirasjon til vegen vidare.

Vis arrangement →
ARBEIDSVISNING: The Krumple
okt.
16.

ARBEIDSVISNING: The Krumple

Preform inviterer til arbeidsvisning med kompaniet The Krumple!

LJOS PÅ er eit teaterprosjekt i utvikling som vil sette lys på eit menneske si reise for å rekonstruere eit øydelagd sjølvbilete. I fugleperspektiv følger vi eit offer etter eit barndomstraume og deira lengt etter å lausrive seg frå sjølve offerfortellinga. Gjennom ulike skift i perspektiv, både geografiske og tidsmessige, handlar teksten om resiliens i møte med skam og krenking.

Av og med: Oda Kirkebø Nyfløtt
Regi: Vincent Vernerie
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Produsent: Victor de Turckheim

TID: ca 30-45 minutter, etterfulgt av kunstnarsamtale for dei som har tid og interesse.


FRI INNGANG - Bruk vår sceneinngong på baksida av bygget.


Vis arrangement →
FOREDRAG: Bjarte Ytre-Arne
okt.
1.

FOREDRAG: Bjarte Ytre-Arne

Journalist og forfattar Bjarte Ytre-Arne vil presentere bokprosjektet “Gamle gode folk”. Prosjektet er eit positivt opprør mot måten vi snakkar om gamle menneske på.

I presentasjonen vil han utfordre uttrykket “Eldrebølgja”, gi gamle menneske synlegheit og respekt og inspirere andre til å sjå moglegheiter ved å bli eldre.

GRATIS INNGANG

STAD: Samvirket scene
TID: Torsdag 1. okt kl. 12–13.

Vis arrangement →
AVLYST!  Arbeidsvisning Carpet of Time
aug.
28.

AVLYST! Arbeidsvisning Carpet of Time

AVLYST!

Arbeidsvisning Carpet of Time

Pub kl. 18.00
Visning kl. 19.00

“Carpet of Time” er ei danseforestilling som uttrykker motstand mot undertrykkande system gjennom abstrakte rørsler og lyd, med utgangspunkt i den geometriske

ornamentikken og mønstersongen til iranske teppevevarar.

Sjå meir av verket her: : https://vimeo.com/1075054561?fl=pl&fe=sh

Masoumeh Jalalieh er koreograf, utøvar og billedkunstner frå Iran, som no bor og arbeider i Wien. Daniel Zimmermann er sveitsisk regissør, koreograf, billedkunstnar og utøvar. Dei har siste månaden hatt arbeidsopphald hos PreForm og arbeidd på Samvirket scene.

Vis arrangement →
Skjerm Barna - Foredrag med Maja Lunde
juni
4.

Skjerm Barna - Foredrag med Maja Lunde

Skjerm Barna – Foredrag med Maja Lunde FAU ved Dingemoen Skule og Fjaler U40 er glade for å presentere forfattar Maja Lunde for alle som er interessert i å lære meir om born og den digitale verda. Maja Lunde skal halde innlegg på Samvirket om boka, «Skjerm Barna». Det er avgrensa med plassar, så vær rask med påmelding om du ynskjer å delta. Det koster 200 kr/billett. Forfattar og samfunnsdebattant Maja Lunde står bak boka Skjerm barna (2024) – ein av dei siste åra sine mest omtalte bøker om barn, skjermbruk og digital oppvekst. Med innsikt og engasjement tek Lunde oss med inn i ein av vår tids viktigaste debattar; kvifor har vi overlatt borna til appar og algoritmar vi sjølv knapt handterer? Korleis kan vi hjelpe borna våre til å ta leiken og (det analoge) livet tilbake? Ho gjer oss både innsikt, håp og konkrete råd for framtida. Arrangementet er samarbeid mellom FAU ved Dingemoen Skule, Fjaler U40 og støtta av Sparebankstiftinga Fjaler. Det vert mogeleg å kjøpe enkel mat og noko å drikke. Velkommen!

Stad: Møteplassen Samvirket Klokka: 18:00 - dørene opnar 17:45

Vis arrangement →
KONSERT: BRASS JAM
apr.
18.

KONSERT: BRASS JAM

Konsert: BRASS JAM

Vis arrangement →
Ceilidh
jan.
24.

Ceilidh

Velkomen til ein stemningsfull kveld på Samvirket der den tradisjonsrike skotske Burns night vert miksa med norsk folkemusikkpub og konsert med Dei to Karnaljane!

Resultatet vert Ceilidh på Samvirket!

Kom gjerne innom for ein øl, høyre levande musikk, dikt av Robert Burns og Jakob Sande og danse skotsk dans!

Obs: Risk for kilt!

Foto: Vedvik

Program:

19:30 - Baren opnar.

20:00 - Konsert med «Dei to Karnaljane»: Lunden og Nymarken byr på viser, gitar og trekkspel, med tekster frå blant anna Jakob Sande. Musikken er folkeleg, salt og ujålete, med tonar som luktar av både irske pubar og vestnorske fjordbygder.

21:30 - Skotsk dans: Lær og bli med på tradisjonelle skotske dansar.

22.00- Allsong, poesi og opa scene: Syng med på både norske og skotske songar, lytt til lokale folkemusikarar eller høyr på opplesing av dikt av Robert Burns og Jakob Sande.

Pub og sosialt: Baren held ope til midnatt (ca. 24:00).

Praktisk informasjon:
Billett kjøpast ved inngongen (kr 100,-, Vipps-betaling muleg).
Ønsker du å bidra på opa scene, meld deg til Rhona Thingnes (91351944) eller Jan Haugen (91861634).

Arrangør: Folkemusikklaget Havbrusen i samarbeid med Jakob Sande – senter for forteljekunst, Fjaler frivilligsentral og den skotske kontigenten i Fjaler.

Vis arrangement →
Odd Karsten Tveit: I MOSSADS BLODSPOR
nov.
11.

Odd Karsten Tveit: I MOSSADS BLODSPOR

Odd Karsten Tveit er ute med si nyaste bok; I MOSSADS BLODSPOR. Det nystarta Fjaler Folkeakademi har invitert han til Samvirket med sitt foredrag med utgangspunkt i boka, om den Israelske etterretningsorganisasjonen.

Dørene opnar kl 19.00. Det vert kafé og foredraget byrjar kl 19.30. Etterpå vert det boksignering og kanskje visekafé og.

Tveit har dekka Midtøsten-kon­flikten i heile si journalistkarriere. Han har vore NRK-korrespondent der i flere periodar og har skreve ei lang rekke prisbelønte bøker om regi­onen. Med sin store kunnskap og rike kildetilfang er han ein internasjonal kapasitet på Midtausten si moderne historie og konfliktens politiske betyd­ning og ringverknader.

Vis arrangement →
Haustkonsert - pubkveld og allsong med Dekor og Motown
nov.
1.

Haustkonsert - pubkveld og allsong med Dekor og Motown

Bli med på en pubkveld med allsong på Samvirket møteplass!

Vis arrangement →