Frivilligsentralen
Frivilligsentralen koordinerer frivillig innsats og formidlar kontakt mellom menneske, lag og organisasjonar på tvers av fagområde i lokalsamfunnet. Nokon treng hjelp, andre ønskjer å hjelpe og alle vil gjerne delta!
Fjaler kommune er eigar av sentralen via øyremerka tilskotet til kommunen. Sentralen vart oppretta i 1995. Volontørtenesta starta opp i 1999. BUA Fjaler opna i mars 2019.
Tusen takk for innsatsen!
Carro (t.v.) og Karlina (t.h.) - Tusen takk for innsatsen som volontører hos oss i 2025 - 2026 og til lukke videre!
Dei to aktive og entusiastiske jentene har vore her i eitt år. Dei har sunge, strikka, klatra, spelt fotball og vore med i Dalsfjord-duppen.
Dei har bidratt til Teaterfestivalen, kulturskulen sin dans og teater, Dale Vgs sin tyske leksjonar og kantine, Samvirket kulturhus (strikkekafé, 5-7 klubb, Treffpunkt, språkkafé, Preform - konsertar, vakt m.m.), BARK, UWC Connect sommaraktivitetar for barn, Røde Kors sin Ferie for alle, UL og Jakob Sande-senteret for forteljekunst sommarvert, og med matleveransar, m.m.
Dei har lært seg norsk og har no byrja på nye eventyr!
Stafettpinnen går vidare til Pia og Wiebke!
Nye volontører 2026 - 2027
Velkomen Pia (t.v.) og Wiebke (t.h.) som nye frivillige her hos oss!
Desse to glade og engasjerte jentene kjem frå Tyskland og skal bli kjende med Fjaler og Noreg i løpet av det kommande året.
Allereie er dei godt i gang med å bidra til Teaterfestivalen, kulturskulen sin dans og teater, Samvirket kulturhus med BUA, klubb 5-7, strikkekafé og Røde Kors sitt Treffpunkt. Nye ting kjem etter kvart, og læringskurva er bratt!
Dei lærer seg norsk, og om du møter dei, kan du gjerne snakke med dei på norsk (eller tysk/engelsk om du kan det!).
Pia og Wiebke er her gjennom European Solidarity Corps (ESC) og vår partnarorganisasjon Turbina Pomerania i Greifswald (Tyskland). Det er støtta i dette prosjektet som gjer volontørprosjektet hos oss mogleg.
Strikkekafé
Tysdagar 12 -14
Ope for alle!
Husk å sjekke
https://fjaler.foreningsportal.no/
for avvik!
Globalt matlagingskurs
En ettermiddag/kveld i månaden
kl.17-19.30
Mer info kommer!
Obs: Hugs å sjekke Foreninger i Fjaler for avvik.
Ta med deg ein ven og bli med på ein sosial kveld med god mat.
Påmelding: Send SMS til 91351944
Frist: 1 dag før. Skriv namn og tal på deltakarar.
Vipps: Gje eit frivillig bidrag😊
Arrangør: Frivilligsentral i Fjaler. Ring 913 51 944 om du vil lære bort ein rett. Vi skal lære å lage ein rett saman ein gong i månaden.
Obs: Hugs å sjekke Foreninger i Fjaler for avvik.
OBS: Ny TID TYSDAGER 14.30 - 15.30
Takk til alle 140 besøkere som byttet 390 plagg under
den store klesbyttedagen
Lørdag 18.april 2026
på Samvirket
Takk til Malin fra Husflid, volontørene fra Askvoll og Fjaler og Naturvernforbundet som inspirerer til dette bærekraftig arbeid over hele landet hvert år!
Frivillige under Den store klesbyttedagen 2023
Kontaktinfo
Rhona Thingnes
DAGLEG LEIAR
rhona.thingnes@fjaler.kommune.no
tlf. 91351944