Samvirket Ung

Den delen av bygget som vender ut mot gata og Firda billag kallar vi Samvirket. Den delen skal fyrst og fremst vera ein møteplass for ungdom – avogtil for ung ungdom og avogtil for eldre ungdom. Kanskje treng du ein stad å vera før treninga starter? Eller berre ha ein stad å henge med venner? Her kan du stikk innom for å treffe venner og prøve ulike aktivitetar som gaming, bordtennis, spel m.m. Vi vil prøve å ha denne delen ope kvar dag etter skuletid slik at dei som ynskjer ei stad å slappe av eller gjere lekser kan komme innom.

Fra 4. januar er Klubb 5-7 i gang igjen samt Drop-in for ungdom fra 8. trinn

 

OBS: Ny tid 13 - 14.30

Drop-in for ungdom fra 8.trinn er ope i samband med at utstyrsentralen BUA er open tysdagar og torsdagar.

Har du lyst å starte ein ny aktivitet?

Har du lyst å starte ein filmklubb? Ein møteplass for gamarar? Strikkeklubb? Lage mat saman med andre? Mekking på motorar? Samvirket kan lånast på ettermiddagar dersom du har lyst å låne lokalet? Einaste krava er at det er ope for alle (innafor ei aldersgruppe) og at det er ein ansvarleg vaksenperson som vil vera med (dette kan vi ordne dersom problem)

Ta kontakt med Rhona Thingnes på Frivilligsentralen

Tlf. 913 51 944/ 57 73 80 44 eller på e-post: rhona.thingnes@fjaler.kommune.no