PreForm AS

- Kunstproduksjonshuset i Fjaler -

Følg PreForm på Facebook

PreForm si oppgåve er å leggje til rette for profesjonell kunstproduksjon og kunstnarleg utvikling i Fjaler.

PreForm yter produsenttenester og rådgjeving til kunst- og kulturprodusentar frå både inn- og utland. Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å leggje til rette for produksjon og arbeidsopphald i Fjaler. PreForm er óg ein aktiv pådrivar for å utvikle samarbeid på tvers av kunstdisiplinar og organisasjonar vi samarbeider med.

PreForm har kontor og base i kulturhuset Samvirket, sentralt plassert i Dale sentrum. Huset er eigd av Fjaler kommune, men PreForm har driftsansvar og har vidareutvikla huset til å bli eit moderne og profesjonelt kunstproduksjonshus på bygda.

Samvirket er produksjonsstad for scenebasert kunst som teater, dans og musikk. Vi har i tillegg to lydstudio og legg til rette for podcastproduksjon, lyddrama, lydbøker, lydkunst, musikkproduksjon m.m. Lyd, lys og anna produksjonsutstyr held høg kvalitet, og lokala er særs godt tilrettelagde for kunstproduksjon og andre kulturaktivitetar.

PreForm får si hovudfinansiering frå Norsk Kulturråd og Vestland fylkeskommune. PreForm AS er eit ideelt aksjeselskap og vart etablert i 2014 som eit resultat av Fjaler kommune sitt Bulystprosjekt med same namn.

Vår visjon

Ei drivkraft i norsk profesjonell kunstproduksjon

Vi vil vere ein aktør som gjer ein forskjell – lokalt og nasjonalt – gjennom å styrke kunstfeltet og gi fleire kunstnarar tilgang til ressursar og utviklingsmoglegheiter.

Våre samarbeids-

partnarar

Dale er ei levande bygd med eit mangfaldig kulturmiljø som byr på kreative ressursar og impulsar.

Nordisk Kunstnarsenter i Dale har sidan 1998 vore vertskap for biletkunstnarar, medan Jakob Sande Senter for Forteljekunst sidan 2017 har utvikla arbeidsopphald for skrivande. Den årlege Teaterfestivalen i Fjaler har sidan 2013 tatt imot kunstnarar for produksjon og visning av scenekunst, dans og musikk.

Andre viktige samarbeidspartnare er Fjaler kommune og Kulturskulen, med fleire.

PreForm bistår gjerne med å leggje til rette og fungere som bindeledd mellom våre gjestar og bygda slik at de får mest mogleg ut av opphaldet her.

Vi er stolte av å kunne seie:

FJALER

- der kunsten møter bygda!

Vi som jobbar her

Formål

PreForm AS skal vere ein ressurs for kunst- og kulturprodusentar i Fjaler og regionen. Vi stiller lokale til rådvelde, tilbyr rådgjeving og arbeider for å auke kvaliteten på kunstnarlege og kulturelle uttrykk. Alt overskot går tilbake til drifta – for framtida.

Våre verdiar

Verdiane våre er ikkje berre ord – dei pregar alt vi gjer, og kven vi er:

  • Rausheit – Vi deler kunnskap, rom og ressursar

  • Inkluderande – Vi byggjer fellesskap med rom for mangfald

  • Profesjonell – Vi held høg kvalitet og tek kunsten på alvor

Vårt samfunnsoppdrag

Vi skal:

  • Styrke Fjaler og regionen sin kunst- og kulturidentitet

  • Bidra til auka verdiskaping og kvalitet i kunstproduksjonen

  • Bygge og vedlikehalde faglege nettverk for profesjonelle kunstnarar