Irakli Tskhourebashvili
Teknisk medarbeidar
«Når det er mykje som skjer på Samvirket, er eg glad for å kome på jobb og hjelpe til! Eg riggar scenerom og lydstudio, køyrer lys og hjelper elles til der det trengst. Jo meir som skjer på huset, jo kjekkare er det!»
Irakli, eller Ika, som vi kallar han, er opphavleg frå Georgia og flytta til Noreg i 2015. Med utdanning og lang arbeidserfaring innan journalistikk og PR, er det kanskje ikkje overraskande at Ika i dag snakkar veldig godt norsk (i tillegg til engelsk).
Ika har eit godt utgangspunkt for å forstå det tekniske i huset her og har som hobby å byggje og å fly dronar.! I tillegg er han ein ivrig joggar og set seg stadig nye joggemål – neste mål Sunnfjord Ultra.!