Historia til Samvirket

Sjølve bygget har mykje historie i veggane. Samvirket/Gamle Coop blei bygd i 1961 på eit av dei mest sentrale tomtene i Dale sentrum.

I 2018 kjøpte Fjaler kommunde den gamle butikken, med mål om å gjere den til ein samlingsstad for heile bygda.

Dei siste åra har Samvirke vore gjennom ein større utbetringsprosess - før det i september 2023 opna dørene i ny drakt.

Todelt bruk

Fjaler kommune eig bygget og vil nytte foajeen til ulike arrangement. Preform AS er ansvarlege for drift, produksjon og residens.

Eit kulturhus for alle

Huset er tenkt brukt som møteplass for ungdom, kontor for Frivilligsentralen, BUA - utleigesentral for utstyr, produksjonslokale for teater og andre uttrykk og storsal med plass til ulike arrangement. 

Lag og organisasjonar kan leige bygget til sine arrangement.

Viktige samarbeid

Vi samarbeider med Teaterfestivalen i Fjaler, Nordisk Kunstnarsenter Dale, Jakob Sande Selskapet, med fleire, som saman med enkeltkunstnarar er medeigarar i PreForm AS.

Les meir om våre bidragsytrar og samarbeidspartnerar her.