Fjaler - der kunsten møtar bygda!
RESIDENS
Produksjons- og arbeidsopphald
Med støtte frå Sparebankstiftinga i Fjaler og Vestland Fylkeskommune kan PreForm tilby residens med fri tilgang til scene og lydstudio på Samvirket. Lokala er moderne og svært godt tilrettelagde for teater, dans, musikk- og lydproduksjonar. Vi har også backline. I tillegg til hovudscena og studio har vi òg fasilitetar som kjøkken, bad og opphaldsrom.
PreForm har ikkje eige overnattingstilbod, men gir eit tilskot til kostnaden med overnatting og hjelper til med å organisere.
Vi samarbeider med Jakob Sande senter for forteljekunst. Hos Jakob Sande-senteret kan ein bu og jobbe med skrivearbeid, frå dramatikk til lyrikk og fagtekstar. Opphaldet kan kombinerast om ein søker hos begge, men vi ber om at de skriv dette i søknaden.
I og rundt PreForm finst det menneske og kompetanse som kan bidra i produksjonen – det vere seg produsentarbeid, dramaturgi, lyddesign eller annan kunstnarisk sparring, etter avtale.
Fjaler har lang erfaring med å ta imot kunstnarar, både til arbeidsopphald og i produksjonar. Vi trur at det å reise bort frå allfarveg kan vere både inspirerande og frigjerande. Mange av dei som kjem hit, fortel at dei finn si eiga kunstnariske boble – med ro til å fordjupe seg og få nye impulsar til arbeidet.
GRATIS produksjons- og arbeidsopphald i Fjaler!
PRAKTISK INFORMASJON:
Vi ønskjer velkomen prosjekt i ulike fasar av produksjonen, men for å kome hit på arbeidsopphald kan ikkje arbeidet vere avslutta.
Vi set stor pris på om de vil avslutte opphaldet med ei intern arbeidsvising eller ei anna form
for presentasjon – svært gjerne noko vi kan invitere bygda til!
For musikk- og lydproduksjonar har vi løpende inntak, for scenekunst har vi søknadsfrist to ganger i året.
Søknadene blir vurdert av ei tverrfagleg arbeidsgruppe og innvilga prosjekt vil få tilbakemelding innan 4 veker.
I tillegg til gratis produksjonslokale i sal eller studio tilbyr vi òg eit bidrag til overnatting.
Vi kan ta stilling til ein intensjonsavtale om prosjektperiode og finansiering ikkje er avklara.
SCENEKUNST
På Samvirket har vi eit scenerom på 360 m² som kunstnarane våre har fri tilgang til heile døgnet så lenge arbeidsopphaldet varer.
For scenekunst har vi søknadsfrist to ganger i året, men vi kan også ta imot søknader utanom - dersom vi har ledig kapasitet.
Kommande søknadsfristar:
01.11.2026
01.04.2027
MUSIKK- & LYDPRODUKSJONAR
Velkomen til arbeidsopphald i vårt trivelege Studio Skogen!
Du har fri tilgang til studioet heile døgnet så lenge arbeids-
opphaldet varer. I tillegg til bruk av studio, kan ein også bruke hovedscene vår til pre-produksjon av konsertar eller opptak av live-session.
For musikk- og lydproduksjonar har vi kommende søknadsfrister:
ÅPEN SØKNAD