Pernille Rivedal Hellevik

Prosjektleiar & Produsent

Tlf. 90 87 42 40

pernille@preform.fjaler.no

«Min hovudoppgåve er å organisere arbeidsopphald for kunstnarar og sørgje for at opphaldet deira i Fjaler blir så godt som mogleg, både fagleg og praktisk. Mi rolle er å vere eit bindeledd mellom tilreisande kunstnarar og lokale ressursar, det vil seie at eg hjelper til med alt frå tilrettelegging av reise og opphald til kunstfagleg støtte og ressursar. Eg har ei hand med i det meste som skjer av aktivitet på huset og trivst aller best når det er full fart og mykje liv!

Pernille er utdanna filmregissør og manusforfattar med ein bachelor frå UiB og ein MFA frå Columbia University NYC. Etter fleire år med studiar og arbeid i utlandet flytta ho heim att til Rivedal kor ho lever eit aktivt liv med hundetrening, bandspeling og som frivillig i kultursektoren.