Sparebank1 Sogn og Fjordane inviterer til inspirasjonsforedrag med Øystein Pølsa Pettersen og Forbrukarøkonomen Torbjørn Olset. Inspirasjonskvelden handlar om korleis byggje framtida steg for steg, og korleis vi kan stå støtt økonomisk når livet skjer. Med ulike erfaringar, men same bodskap, viser Torbjørn og Øystein korleis kvardagsval og livsval blir fletta saman til ei heilskapleg oppleving.
Arrangementet passar for både unge og vaksne i ulike livsfasar, enten du drøymer om eigen bustad eller ønskjer å vere ein god støttespelar for noko som er på veg inn i vaksenlivet. Her vil du få konkrete råd, nyttige tips og inspirasjon til vegen vidare.