Tilbake til alle arrangementer

ODDNY på Samvirket

Oddny på Samvirket Scene laurdag 18. oktober

Med låtar som “Oktober, Bergen by”, “Barndomsmelodi” og “Bittelitt” har Oddny markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. I tillegg til radiosuksessen, ei rekkje utselde konsertar og ein stadig veksande fanskare mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets Nykommar. I 2025 gjorde dei stor suksess på Luttprisen på Samvirket Scene som nominerte til hovudprisen.

Oddny har utvikla ein heilt karakteristisk musikalsk sound som dei kombinerer med særeigne tekstar på dialekt. Dei har blitt kjende som eit framifrå liveband og i 2025 besøkjer Oddny ei rekkje små og store scener og festivalar landet rundt! 

Bandet har musikalsk hovudkvarter i Gamlahuset i Bremanger, der dei i periodar bur og arbeider saman. Mykje av musikken blir både skriven og spelt inn her, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eigen label, HotWater, i samarbeid med MATE/The Orchard.

Oddny er i framovergir! Dei er utkvilde, væpna med ferske plekter og har planane klare! Vil du vere med, så heng på!

Me gler oss til å endeleg kunne nyte ein heil kveld med Oddny.

Samvirket er opé frå kl. 20:00

Konsertstart kl. 21:30

Forrige
Forrige
4. oktober

Plateslepp: Over Yonder - “Too Pretty for the Blues”