Velkomen til ein stemningsfull kveld på Samvirket der den tradisjonsrike skotske Burns night vert miksa med norsk folkemusikkpub og konsert med Dei to Karnaljane!
Resultatet vert Ceilidh på Samvirket!
Kom gjerne innom for ein øl, høyre levande musikk, dikt av Robert Burns og Jakob Sande og danse skotsk dans!
Obs: Risk for kilt!
Foto: Vedvik
Program:
19:30 - Baren opnar.
20:00 - Konsert med «Dei to Karnaljane»: Lunden og Nymarken byr på viser, gitar og trekkspel, med tekster frå blant anna Jakob Sande. Musikken er folkeleg, salt og ujålete, med tonar som luktar av både irske pubar og vestnorske fjordbygder.
21:30 - Skotsk dans: Lær og bli med på tradisjonelle skotske dansar.
22.00- Allsong, poesi og opa scene: Syng med på både norske og skotske songar, lytt til lokale folkemusikarar eller høyr på opplesing av dikt av Robert Burns og Jakob Sande.
Pub og sosialt: Baren held ope til midnatt (ca. 24:00).
Praktisk informasjon:
Billett kjøpast ved inngongen (kr 100,-, Vipps-betaling muleg).
Ønsker du å bidra på opa scene, meld deg til Rhona Thingnes (91351944) eller Jan Haugen (91861634).
Arrangør: Folkemusikklaget Havbrusen i samarbeid med Jakob Sande – senter for forteljekunst, Fjaler frivilligsentral og den skotske kontigenten i Fjaler.