Duo Vrang

Arbeidsopphald 08.12.2025 - 14.12.2025

Denne veka har vrang – den eksperimentelle musikkduoen beståande av Nora Klungresæter og Susanne Xin – arbeidd på Samvirket med komposisjon til danseframsyninga SIYA av koreograf og utøvar Carl Aquilizan.

Susanne eksprimenterer med lyder.

Nora finner roen ved Dalsfjorden.

I arbeidet utforskar duoen korleis lyd kan bevege seg i rommet på same måte som ein dansar gjer. Lydane vandrar mellom høgtalarane, panorerast og formast til eit fleirdimensjonalt lydbilete. Musikken blir ikkje opplevd som statisk, men som noko levande og i rørsle – ei romleg lytteoppleving som kan minne om kjensla av å stå ute og ta inn alle lydane som omgjev oss.

SIYA undersøker verdien av tvetydigheit og nye måtar å vere og relatere på. Med utgangspunkt i det filippinske pronomenet «siya» – eit ord utan kjønn som rommar fleire identitetar – opnar framsyninga for spørsmål om språk, skeivheit, femininitet og åndeleg kompleksitet før koloniseringa. I møtet mellom kropp og lyd trer skikkelsar fram og forsvinn igjen: vennlege og truande, leikne og alvorlege – fleire ting på same tid.

Vrang arbeider i skjæringspunktet mellom lyd, rom og uttrykk, med bruk av objekt, feltopptak, elektronisk manipulering og preparering. Under opphaldet hos oss har dei utvikla det soniske universet vidare fram mot premiere på Dansens Hus i Oslo 25. mars, og vising under Multiplié dansefestival i Trondheim 21. april.

Vi takkar for besøket og ønskjer vrang og SIYA alt godt fram mot premiere.

Studiohunden Frank Josef kommer gjerne innom etter avtale!

Forrige
Forrige

We Met in June

Neste
Neste

Fjaler Turnéteater: Bondetinget