We Met in June

Arbeidsopphald 05.01.2026 – 16.01.2026

I januar hadde vi gleda av å ha We Met In June på besøk i studio hos oss. Duoen består av Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle – og med Sara frå Dale var det ekstra stas å ønskje dei heim til bygda for ein periode med låtskriving.

We Met In June har dei siste åra markert seg som ei frisk stemme på den norske musikkscena med sin draumande miks av folk-pop og americana. Musikken ber spor av både klassiske inspirasjonskjelder som Fleetwood Mac og moderne country-pop, samstundes som uttrykket deira er personleg og samtidsretta.

Debutalbumet Loving Living gav dei prisen «Årets gjennombrudd» under Luttprisen i 2024. Hausten 2025 kom album nummer to, Going Home, produsert av den Grammy-nominerte Marc Daniel Nelson, med Malin Pettersen som gjestevokalist på tittelsporet.

Under opphaldet på Samvirket arbeidde duoen med utvikling av nytt materiale i studio – i rolege og konsentrerte omgjevnader.

Vi takkar for besøket og gler oss til å høyre kva som veks fram vidare.

Forrige
Forrige

Signe Dø

Neste
Neste

Duo Vrang