Signe Dø

Arbeidsopphald 05.02.2026 – 20.02.2026

Signe Dø i djup konsentrasjon. Foto: Pernille Rivedal Hellevik

Signe Dø er artistprosjektet til Signe Danielsen Øgrim som er komponist, låtskriver, produsent, vokalist og musiker (klarinett, synth, live-elektronikk). Saman med bandet sitt – Live Schau (cello og kor), Elias Tafjord (trommer) og Kai Von Der Lippe (keys og synth) – har ho arbeidd med innspeling av sitt andre album, Corporeal.

Albumet Corporeal ligg i skjæringspunktet mellom kunstprosjekt og poputgjeving. Musikken hentar inspirasjon frå samtidsmusikk, artpop, elektronika, trip-hop og klassisk singer/songwriter-tradisjon. Resultatet er eit lydbilete som både tek vare på det melodiske og fengande i popmusikken, samstundes som det utfordrar dei vanlege formene og strukturane i sjangeren.

Tittelen Corporeal – engelsk for «kroppsleg» – peikar mot tematikken i prosjektet. Albumet utforskar ei kroppsleg tilnærming til verda, der grensene mellom røynd og fantasi blir meir flytande. I ei tid prega av raske stimuli og stadig meir automatisk generert musikk, ønskjer Signe å lage musikk som held fast i det fysiske, naturlege og fantasifulle.

Under opphaldet hos oss har Signe arbeidd vidare med innspelingane til albumet, som etter planen skal sleppast hausten/vinteren 2026. Vi fekk høyre ein liten smakebit og gler oss veldig til å høyre meir!

Signe fekk nytta tida godt i studio Skogen. Foto: Pernille Rivedal Hellevik

Bandets sine eigne bilete. Foto: Signe DAnielsen Øgrim

Forrige
Forrige

Solveig Ylva Dagsdottir & Anna Utermøhl Lund

Neste
Neste

We Met in June