Solveig Ylva Dagsdottir & Anna Utermøhl Lund
Arbeidsopphald 01.03.2026 – 14.04.2026
Vi fekk eit lite innblikk i prosjektet gjennom ei arbeidsvisning. Foto: Pernille Rivedal Hellevik
Denne perioden har vi gleda av å ha scenograf og kunstnar Solveig Ylva Dagsdottir og skodespelar Anna Utermøhl Lund på arbeidsopphald hos oss på Samvirket. Under opphaldet arbeider dei vidare med prosjektet Utdanning – ei stadsspesifikk framsyning som undersøker korleis institusjonelle rom, som klasserommet og skulebygningen, set spor og skapar minne i kroppane våre.
Gjennom arbeidet utforskar dei korleis romlege strukturar, makt og institusjonelle rammer påverkar måten vi opplever verda på. Prosjektet byggjer vidare på tidlegare arbeid i samarbeidet, mellom anna framsyninga AUDITORIUM, vist ved Høgskolen i Østfold i 2024, og ei første utgåve av Utdanning som vart presentert under Sånafest i 2025. Den nye versjonen utviklar materiale frå desse produksjonane vidare, i møte med eit nytt rom og ein ny kontekst.
Under opphaldet hos oss har Dagsdottir og Lund fordjupa seg i utvikling av materiale til framsyninga. Mot slutten av opphaldet hadde vi ei intern arbeidsvising, der vi fekk sjå korleis dei har arbeidd i romma her på huset. Det var både spennande og følsomt, og gav eit fint innblikk i prosessen vidare.
Kunstnarane arbeider mot premiere på den nye framsyninga hausten 2026 eller våren 2027.
Meir frå arbeidsvisning. Foto: Pernille Rivedal Hellevik