Medicin Mother

Arbeidsopphald 07.04.2026 – 17.04.2026

Elin Høydal og Varste Mathæussen møttest første gong på Teaterfestivalen i Fjaler i 2025, og har sidan utvikla eit kunstnarleg samarbeid med utgangspunkt i relasjonar, rørsle og scenisk nærvær.

Elin er skodespelar og har studerte integrert yoga og energihealing. Dette har prega hennar kunstnarlege arbeid, med fokus på kropp–sinn-samanheng og mennesket som ein energetisk og levande organisme.

Varste er skodespelar med røter i grønlandsk kultur og kunst, og arbeider med grønlandsk maskedans i si sceniske praksis, i tillegg til å vere kunstnar og scenekunstprodusent

Under arbeidsopphaldet i Fjaler var dei også ute i lokalsamfunnet og besøkte den lokale barnehagen, der dei delte maskedans og enkle yogaøvingar med barna. Opphaldet vart avslutta med ei arbeidsvisning, der publikum fekk eit innblikk i materiale dei har arbeidd med undervegs.


Saman utforskar dei korleis ulike erfaringar, tradisjonar og sceniske praksisar kan møtast i eit felles teater- og rørslespråk, med utgangspunkt i kropp, mytologi og relasjonelle møte.

Elin Høydal. Foto: Pernille R. Hellevik

Varste Mathæussen (t.h.) her saman med lokale Eline Sunddal. Foto: Pernille R. Hellevik


Forrige
Forrige

Drea

Neste
Neste

Solveig Ylva Dagsdottir & Anna Utermøhl Lund