Drea
Arbeidsopphald 13.04.2026 – 19.04.2026
Denne perioden har vi gleda av å ha Andrea Ådland – aka Drea – og Sjur Folgerø på besøk hos oss på Samvirket. Her arbeider dei med oppstarten av Dreas komande debutalbum.
Drea er ein allsidig artist som NRK P3 har omtalt som «et låtskrivertalent av de sjeldne». I sitt musikalske univers møter sårbarheit styrke, og drøymande melodiar blir sett saman med skarpe gitarriff og ein smittsam energi. Tidlegare i år har ho mellom anna vore på europaturné som support for Depresno og varma opp for Jonas Alaska, og med singelen «Creeps» gav ho ein første smakebit frå EP-en Sucker for Love and Heartaches, som slepp våren 2026.
Hos oss arbeider Drea og Sjur med å starte opp prosessen mot debutalbumet, som tek steget vidare frå EP-en mot eit meir mogent og heilskapleg uttrykk. Tematisk utforskar albumet sårbarheit, tilhøyrsle og menneskelege relasjonar, med eit lydbilete som kombinerer organiske og elektroniske element. Drea har hovudansvar for tekst og vokal, medan Sjur bidreg med instrumentering og produksjon.
Målet for opphaldet er å kome i gang med skriveprosessen og utvikle dei første låtideane som skal danne grunnlaget for albumet. Arbeidet vekslar mellom felles låtskriving og meir strukturerte økter med fokus på tekst, komposisjon og demoutvikling – ein arbeidsform som gjev rom for både spontanitet og fordjuping.
Undervegs fekk vi også sparka i gang det nye konsertkonseptet vårt – Rampekonsert! Til eit flott publikum i duskregn fekk vi høyre noko av materialet dei arbeidde med. Bilder og video kjem!
Det var også fyrste gang vi hadde dobbelt opp med arbeidsopphold - med Drea i studio og Varste + Elin på scena.
Varste, Sjur, Andrea og Elin - ja og så hunden Eira så klart! FOTO: Pernille R. Hellevik
Vi er glade for å vere ein del av denne tidlege fasen i prosessen, og håpar å sjå Drea og Sjur igjen på Samvirket etter kvart som albumet tek form.