Arbeidsopphald 20.04.2026 – 30.04.2026
Søskenduoen Lausonga – Iris Marie Melhus og Hans Mikkel Melhus – var hos oss på Samvirket for å arbeide med materialet til debutalbumet sitt.
Lausonga er frå Frosta i Trøndelag, og vart danna hausten 2023. Iris og Hans Mikkel syng på trøndersk og spelar på strenger, og i musikken deira møter folkemusikk pop og rock i ei musikalsk utforsking.
Hos oss arbeidde dei med å skrive ferdig låtane til debutalbumet og med pre-produksjon i studio. Albumet vil bestå av 8–10 låtar, og under opphaldet var fokuset på dei trønderske tekstane, instrumentering og arrangering.
Under er nokre bilete frå konserten på lasterampen som dei heldt.