Arbeidsopphald 27.04.2026 – 09.05.2026
Denne perioden har vi gleda av å ha Alicja Ziolko og Hector Eguia på besøk hos oss på Samvirket i eit samarbeid med Jakob Sande senteret for Forteljekunst. Her arbeider dei med framsyninga Navigatøren.
Prosjektet tek utgangspunkt i ei personleg historie: Ei skodespelarinne mottek, etter at faren er død, ei melding koda i binært språk. Avsendaren er faren sjølv – ingeniør og navigatør, pioner innan kybernetikk, og ein elskar av opera, litteratur og kunst. Teknologien, som ein gong skilde dei i livet, blir no mediet han prøver å kommunisere gjennom.
Gjennom tekst, rørsle, projeksjon og immersiv lyd utforskar dei grensene mellom det menneskelege og det kunstige, mellom biologisk og teknologisk arv. Binær kode blir koreografi, summinga frå serverar møter lyden av havet, og kunstig intelligens blir mediet for ein families minne.
På Samvirket arbeider dei i grenselandet mellom performance, dokumentarteater og audiovisuell installasjon.
Opphaldet vart avslutta med ei arbeidsvisning!