Fjaler Turnéteater: Bondetinget
Arbeidsopphald 05.02.2026 – 09.02.2026
I februar hadde vi besøk av regissør Torkil Sandsund og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen, som arbeidde med gjenopptaking av den kritikarroste framsyninga Bondetinget på Samvirket-scena.
Bondetinget er eit dokumentarteater om norsk landbrukspolitikk dei siste hundre åra, med særleg blikk på dei dramatiske 1970-åra. Framsyninga granskar paradoksa mellom politiske mål og dei faktiske resultata: I dag produserer langt færre bønder meir mat enn etter krigen – og til lågare pris. Kva har dette kosta bygdene våre?
Stykket hadde urpremiere i 2021 (Teater Vestland) og har sidan spelt over 60 framsyningar i regi av mellom andre Teatret Vårt, Trøndelag Teater og på Det Norske Teatret. No er det tilbake med ny premiere 22. januar og turné for Teater Innlandet (22. januar – 19. februar 2026) til grendehus over heile Innlandet. Tematikken er framleis høgst aktuell.
Under opphaldet hos oss arbeidde dei med å spisse framsyninga før turnéstart.
Vi takkar for besøket og ønskjer Bondetinget god turné vidare.
Kyrre Eikås Ottersen