Ole Kristian Tangen - a body remembered
Arbeidsopphald 08.12.2025 - 14.12.2025
Denne perioden har vi gleda av å ha Ole Kristian Tangen, Even Eileraas, Vetle Junker, Ola Olsen Lysgaard og Sverre Breivik - aka Metteson - på besøk hos oss på Samvirket. Her på scena arbeider dei med ei ny framsyning - a body remembered - som tek utgangspunkt i den kroppslige og sanselige opplevinga av stillstand og overgang – med røter i ei personleg erfaring som har vore med på å endre Tangens forståing av kropp, tid og tilstadeværelse.
Gjennom ulike inngangar til fysikalitet, berøring og lyd utforskar dei korleis eit fysisk vakuum kan kjennast, og korleis taktilitet kan bli eit verktøy for å orientere seg i det ukjende. Kva slags spontane reaksjonar oppstår i øyeblikk av lamming – og i prosessen med å gjenvinne kontroll og sansar? Kva skjer i møtet mellom to kropper når ei rørsle støttar, utfordrar eller set den andre i spel? Og korleis kan musikk og lyd spegle eller forstyrre opplevinga av balanse, tap og gjenoppbygging?
På Samvirket arbeider dei i ein open og søkjande prosess, der kropp, rom og sonisk materiale utviklar seg i samspel. Målet er å forme ein fysisk og lydleg dialog som kan danne grunnlag for vidare scenisk arbeid.
Laurdag 13. desember hadde vi ei open arbeidsvising for eit fint publikum. Det var spennande å sjå kor langt dei allereie var komne, og kjekt å samlast til fagleg prat (og lussekattar, så klart).
Etter opphaldet i Fjaler reiste dei vidare til Bergen for å vise eit utdrag frå prosessen på Prøverommet.