Faust 3000

Arbeidsopphald 01.12.2025 - 05.12.2025

Denne veka har vi gleda av å ha Faust 3000 på besøk hos oss på Samvirket. Kunstnargruppa, som består av Nelly Winterhalder (dramatikar og regissør), Ivar Furre Aam (medskapande skodespelar), Alice Vanini (scenograf) og Martin Rane Bauck (komponist), arbeider med eit tverrfagleg prosjekt som tek utgangspunkt i Faust-myten – sett gjennom eit moderne, eksperimentelt og ritualistisk blikk.

Prosjektet undersøker korleis narrativ, musikk og rom kan forvandlast når ein arbeider utan lineær dramaturgi, og i staden let symbolske strukturar, esoteriske tradisjonar og kompositoriske eksperiment få styre retninga. Inspirert av mellom anna Heiner Goebbels, numerologi og performancestudiar, arbeider dei med å strekkje og forhandle grensene for kva ei scenisk forteljing kan vere.

Samvirket-scena utforskar gruppa korleis tekst, lyd, scenografi og handling kan eksistere som likeverdige lag i ei form for scenisk ritualitet – der rommet blir ein aktiv medspelar i komposisjonen.

Vi ønskjer Nelly, Ivar, Alice og Martin varmt velkomne, og gler oss til å følgje korleis Faust 3000 tek form vidare her hos oss.

Forrige
Forrige

Ole Kristian Tangen - a body remembered

Neste
Neste

Mirte Bogaert