Aldeles Alisøy
Arbeidsopphald 22.09.2025 - 26.09.2025
Foto: David Zadig
Vi har gleda av å ha Oda Alisøy, Lene Therese Teigen og Kjetil Alisøy Søvig i residens hos oss.
Dei finpussar på framsyninga Amerikabreva, som har premiere på Teater Vestland laurdag 27. september – før turné med Den Kulturelle Skulesekken.
Stykket handlar om unge, enslige kvinner som utvandra til Amerika rundt forrige århundreskifte. Opphaldet vart avrunda med ei flott åpen arbeidsvisning.
“Vi hadde fire intensive prøvedagar med oppkøyringa til Amerikabreva som skulle ha premiere 27.sept. Det var ein sliten gjeng som prøvde å halde koken seint og tidleg den tida vi hadde til rådighet. Vi følte oss godt ivaretatt og det var aldri eit problem som ikkje kunne løysast. Og det i ekspressfart. Vi ynskjer berre vi kunne vore der endå lengre, og hatt meir tid i dei flotte lokala, i lag med alle dei kjekke folka der. ”