Mirte Bogaert
Arbeidsopphald 03.10.2025 - 30.10.2025
Denne månaden har vi besøk av koreograf og danser Mirte Bogaert, som arbeider med det langsiktige forskingsprosjektet As you like it fram mot premiere på BIT Teatergarasjen i slutten av november.
Prosjektet undersøker korleis kvinnens kropp blir sett på og tolka – og korleis kulturelle og historiske kontekstar formar både blikk og nærvær. Arbeidet tek form gjennom stadbasert research over tid. Her hos oss utforsker ho kva som skjer i møtet mellom kropp, rom og betraktar – og korleis erfaringar, relasjonar og sansearbeid kan få prege retninga i det kunstnarlege materialet.
Vi er glade for å vere ein del av denne fasen av prosessen, og ønskjer Mirte og teamet hennar varmt velkomne til Samvirket.