Marius Koldbenstvedt

Arbeidsopphald 11.08.2025 - 15.08.2025

Denne veka har Marius Koldbeinstvedt, Mette Karlvik, Silje Aker Johnsen, Anna Dworak og Olav Torget arbeidd med prosjektet Nære på Samvirket-scena. Dei tek utgangspunkt i ei slags «anti-leseprøve», der kropp, instrument og stemme er i direkte samspel med teksten i rommet. Kvar deltakar vel ut noko i teksten som rører ved dei, og byrjar å arbeide med det. Teksten blir klipt opp, vridd på og utforska – utan tanke på heilskap, men som ei vandring i ein labyrint.

Midt i prosessen kjem Mette inn og skriv om teksten, inspirert av det som skjer her og no.

Det de tilbyr er eit rom. Det er gullgruva. Vi kan gå inn i rommet og la det verke! Teksten oppstår rett framfor oss, i rommet.
— Marius Koldbeinstvedt

Foto: Pernille Rivedal Hellevik

Foto: Pernille Rivedal Hellevik

Neste
Neste

Mia Habib