Velkommen til gratis foredrag med Søren Riff!
BAR og GRATIS FOREDRAG på Samvirket Møteplassen!
----
Korleis vi relativt enkelt kan begynne å endre vanar og tilnærmingar, for på den måten å skape betre rom for kreativitet?
Vi er alle fødde leikande og kreative. Vi kan alle vere verdiskapande bidragsytarar i ein kreativ prosess, men det skjer ikkje nødvendigvis av seg sjølv. Det er ikkje uvanleg at det kreative uttrykket gradvis har blitt dempa sidan skulestart.
Heldigvis kan det gjerast noko med. Det er til og med både gøy, hyggeleg og bra for fellesskapet når kreativiteten skal styrkjast på denne måten.
På foredraget vil du få:
Innsikt i kvifor kreativitet er viktig
Forståing for vår oppfatning av kva kreativitet er
Innsikt i korleis vår oppfatning og historiske syn på kreativitet påverkar kvardagen vår
Ei verktøykasse med konkrete måtar du kan trene dine kreative ferdigheiter på
Tips og triks for å bryte automatiske tankar og handlingar, og heller trene opp kreativiteten din
Metodar for å etablere kreative fellesskap
Oversiktlege tiltak, slik at du alt på vegen heim frå foredraget eller workshopen kan begynne å trene din kreative muskel.