«Tove» er ei varm og gripande forteljing om venskap, mot og fellesskap. Framsyninga har ein leikande kombinasjon av dokketeater, framsyningar med få ord, spennande sceneløysingar og eit overraskande lydbilete.
Framsyninga høver for barn frå 4 år, men er ei hyggeleg overrasking til alle.
Gratis for barn, 100,- for vaksne. Betaling ved vipps i døra.
Om framsyninga:
Tove er ei modig og nysgjerrig jente som elskar å segla den vesle båten sin over det vide havet. Ein dag, medan ho nyt sjøen, møter ho ein liten kval som er trist. Det viser seg at den vesle har mista mora si og ikkje veit korleis han skal finna henne att. Utan å nøla bestemmer Tove seg for å hjelpa han.
Saman legg dei ut på ei eventyrleg ferd gjennom det endelause havet. Undervegs møter dei fargerike dyr – ei flokk med fuglar, ein mystisk blekksprut som har vikla seg inn i sine eigne fangarmar, ein stim med fisk og til og med ein krabbe som har fastna i eit garn. Kvart møte er eit nytt eventyr og ei moglegheit til å få nye vener.
Vil Tove og den nye venen hennar finna kvalmora? Vil dei greia å løyse alle utfordringane dei møter?