Linda Gathu

Arbeidsopphald 19.07.2025 - 25.07.2025

For eit spennande prosjekt vi har hatt på besøk! Linda Gathu og teamet hennar arbeidde med den komande framsyninga SUKKER, som skal setjast opp på Det Norske Teatret til hausten.

SUKKER er Linda Gathus første heilaftans teatertekst, og inngår i ein trilogi av frittståande historier med forankring i ulike tider – alle med den dansk-norske kolonihistoria som bakteppe.

Ein ung kunstnar prøver navigere utfordringane ho møter i notidas kunstverd etter at ho blir henta inn til eit museum som treng fornying. Museet ønskjer ho skal hjelpe med å endre museets andlet mot utsida sidan ho er så "tidsriktig".

Men inne i museet oppdagar ho ei opning til ei anna tid – og fell plutseleg bakover, inn i ei fortid der både rom og roller skiftar. Stadar og menneske forvandlar seg, og ulike tider kolliderer i eit høgt tempo. Kunstnaren sjølv glir inn og ut av ulike karakterar, på tvers av både kjønn, tid og identitet.

Det kunstnarlege teamet – Linda Gathu (regi og manus), Eli Mai Huang Nesse (scenograf og kostymedesignar), Randiane Sandboe (lysdesignar), Emily Adomah (komponist og lyddesignar) og Ingrid Askvik (kunstnarleg ressurs) – nytta tida på Samvirket til å utforske visuell komposisjon, bilete og musikk i preproduksjonen.

Vi ønskjer dei alt godt vidare fram mot premieren til hausten.

Du kan lese meir om framsyninga her.

Neste
Neste

Håvard Nordberg Funderud