Company Qviller
Arbeidsopphald 12.04.25 - 20.04.25
Mykje energi og glede hos Compani Qviller under arbeidsopphaldet deira på Samvirket i påska 2025.
Compani Qviller: Mari Strugstad Qviller, Mari Amalie Hove, Ragnhild Karvainen
Kompani Qviller arbeidde med stykket sitt Breidablikk Alfa. Stykket handlar om to oljearbeidarar som vel å protestere mot sin eigen arbeidsplass. Langt der ute, i det fjerne, nærmar eit eldgammalt vesen seg. Er det ein gud? Eit monster? Kanskje noko midt imellom?
Breidablikk Alfa er ei fri gjendikting av myta om Balders død, lagd til Nordsjøen og det norske oljeeventyret.
“Fritt spelerom til å finne vegen ein treng, med masse ressursar. Gull verdt for eit kompani med begrensa økonomi å få testa tekniske løysingar, boltre seg på golvet, og bli betre kjend med Preform-gjengen. Kan passe i mange stadier av ein prosess og for heile spekteret av det frie scenekunstfeltet. Stort pluss at Dale er ein nydeleg plass å vere!”