Tilbake til alle arrangementer

FOLKEMUSIKKPUB: Musikkolektivet Folksomt + Havbrusen


Velkomen til folkemusikkpub på Møteplassen Samvirket!

Johanna Seim og musikkollektivet Folksomt er på arbeidsopphald gjennom PreForm, og no inviterer dei til konsert saman med folkemusikklaget Havbrusen.

Musikkollektivet Folksomt smeltar saman det eldgamle og det elektriske – ein vibrerande fusjon av norsk folkemusikk og elektronisk klubbkultur.

Med røter i fjell og dal, og blikket retta mot dansegolvet, fornyar Folksomt den norske musikkarven. Tradisjonelle tonar får nytt liv i møtet med pulserande beats og elektroniske lydlandskap. Hardingfela svevar over djupe basslinjer, folkesongen blir kledd i nye rytmar og klangar som løftar og dreg – resultatet er dansbart, draumeaktig og djupt forankra i både tradisjon og nyskaping. Folkemusikk og folkedans er uløyseleg knytt saman. Rytmane frå springar, halling og pols bankar framleis under huda, men no med eit nytt beat. Publikum blir inviterte inn – enten du er ein erfaren folkedansar, ei fridansande sjel eller ein nikkande klubbromantikar.

Kollektivet spring ut frå eit musikalsk møte mellom produsent Jonas Særsten (electronica, rock, indie), folkesongar Lovise Espeland og hardingfelespelar Johanna Seim. Trioen dannar kjernen, men på scena er Folksomt i stadig endring – eit levande musikkfellesskap der nye musikarar kjem til og set sitt preg på kvar konsert.

I sommar tek Folksomt turen til Samvirket i Fjaler for å arbeide med si første plate – ei reise gjennom lyd, arv og ny rytmisk fridom.

På Samvirket møter dei Havbrusen som i over ti år har spela tradisjonsmusikk.

Forrige
Forrige
18. juni

Globalt matkurs