Produksjons- og arbeidsopphald

Vi har til no ikkje lyst ut opphald hos oss og vi ber derfor om at du tek kontakt med oss direkte. Vi har ikkje avgrensingar på lengda på opphaldet og rimelege prisar for leige av lydstudio og scene.

Fjaler har lang erfaring med å ta i mot kunstnarar både i arbeidsopphald, produksjonar.

Nordisk Kunstnarsenter Dale har tatt i mot biletkunstnarar sidan 1998 og Jakob Sande Senter for forteljekunst har sidan 2017 utvikla arbeidsopphald for skrivande. Den årlege Teaterfestivalen i Fjaler har sidan 2013 tatt i mot kunstnarar for produksjon og visning av scenekunst, dans og musikk.

PreForm arbeider med å utvikle sitt tilbod om arbeidsopphald og produksjon til fleire kunstformer i våre lydstudio og scenerom. Info om scene og studio finn du her.

Vurderer du eit produksjons- eller arbeidsopphald hos oss?

Då ynskjer vi å planlegge dette saman med deg, slik at vi kan sikre at alt ligg best mogeleg til rette. Saman planlegg me korleis du kjem hit, kvar du kan bu, kva ressursar det er i huset, kva kompetanse vi kan tilby lokalt og våre samarbeidspartar.

Buforhold 

Vi arbeider med å etablere gode buforhold for gjestande kunstarar. I dag har vi eit samarbeid med Nordisk Kunstnarsenter Dale www.nkd.no og Jakob Sande senter for forteljarkunst. www.jakobsande.no

Villa Lidskjalv på Dalsåsen med overnanningskapasitetet 8 personar med tilgang til kjøkken og fellesrom. Pris og vilkår etter avtale.

Jakob Sande Tunet : Leiligheit med 2 soverom + kjøkken og fellesrom med muligheit for å disponere fleire soveplassar. Pris og vilkår etter avtale.

 Jakob Sande Tunet : Leiligheit med 2 soverom + kjøkken og fellesrom med muligheit for å disponere fleire soveplassar. Pris og vilkår etter avtale.